Startsida /

Nettguide

  • Startsida
  • Søk
  • Nettguide
  • Video
    • Sett som startside

fredag 28. oktober 2011

  • Startsida
  • Temaoversikt
  • Bil, båt og motor
  • Bransjar og bedrifter
  • Transport og samferdsel
  • Ferjeselskap

Ferjeselskap

Nettsider

Sortér:

  • Alfabetisk
  • Geografisk

Bastø Fosen

Ferjesambandet mellom Horten og Moss.

Bjørklids Ferjerederi

Reieriet trafikkerer nokre ferjesamband i Troms, og tilbyr også charterturar (utleige for slektstreff, fisketurar og andre arrangement).

Buksér og Berging AS

Rederiet eig lektarar og taubåtar og rettar verksemda si mot skipsverft, offshore, forsikringsselskap, miljøberging etc.

Color Line

Informasjon om prisar og rutetider, online bestilling osb. Selskapet trafikkerer ruter frå Oslo, Sandefjord, Larvik og Kristiansand, til høvesvis mål i Danmark, Sverige og Tyskland.

DFDS Seaways

Selskapet sine skip seglar mellom eit utval av europeiske byar, mellom anna Oslo-København og Bergen-Haugesund-Stavanger-Newcastle. Utover ordinære prisar, tilbyr dei også t.d. cruise- og feriereiser.

Elvekongen

På Nes i Romerike finn du elvekongen. På denne sida finn du informasjon om bestilling, bilete, mannskap, historie m.m.

Finnmark Fylkesrederi og ruteselskap

FFR AS har ansvar for vanleg rutebusstrafikk, rutebåttrafikk og ferjer i Finnmark fylke.

Fjonesundet

I tillegg til å vere førar av Fjoneferja «M/S Nissen», driv Åshild Sollid eit handverkutsal med eigen strikkeproduksjon, og ein kafeteria med enkel servering.

Fjord1

Transportkonsernet som består av ferje-, båt- og busselskap. Har hovudkontor i Florø.

Fjord1 Fylkesbaatane

Informasjon om rutetider til ferjene og ekspressbåtar, info om leigebåtar, dagsturar og turistruter.

Fjord1 MRF

Ferje- og passasjerbåt-selskap som held til i Møre og Romsdal.

Fjord Line AS

Tilbyr transport for private og næringslivsmarknaden. Køyrer rutene Bergen-Stavanger og Hirtshals (Danmark).

Fosenlinjen

Rutetider og ferjetakstar for strekninga Garten, Storfosna, Krakvåg, Leksa og Værnes.

Fosen Trafikklag

Finn rutetidene for ferjesamband i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.

Fred. Olsen Cruise Lines

Ein del av Fred. Olsen Lines som spesialiserer seg på cruisereiser.

Gamle Lofotferga

Tilbyr natur og matopplevingar i Lofotens skjergard; fisketurar, firmaturar m.m.

Gjendebåtene

Båtane GjendeIII eller GjendeIV fraktar deg inn i Jotunheimen.

Hollungen AS

På nettsida finn du rutetider for Hvaler-fergene.

Hurtigruten

Nettsidene har rutesøk, bestillingsmoglegheiter og annan informasjon for Hurtigruta - turen mellom Bergen og Kirkenes blir også kalla «verdas vakraste sjøreise», ferjesamband, hurtigbåtar og cruisereiser. Selskapet Hurtigruten Group ASA, med hovudkontor i Narvik, opererer også innan buss, gods og anna reiselivsverksemd.

Kragerø Fjordbåtselskap AS

Selskapet tener heile Kragerøskjergarden, til sjøs og til lands. Dei to ferjene «Jesper» og «Naus» har kvar ein kapasitet på omlag 200 passasjerar og 11 bilar.

Kristiansund Taubåtservice

Reiarlaget eig slepebåtar og lekterar og rettar verksemda mot skipsverft, offshore, basar skipsmeklarar, forsikringsselskap, berging, osv.

Kystekspressen

Hurtigbåtar Trondheim - Kristiansund.

Nesoddbåtene

Rutetider for ferjetrafikken i indre Oslofjord.

Norwegian Cruise Line (usa)

Nettstaden til Norwegian Cruise Line. Inneheld informasjon om skip, prisar og online reservering.

Oslo-Fergene AS

Rutetilbod til bl.a. Hovedøya, Gressholmen, Lindøya og Nakholmen.

Randsfjordferga

Historia om ferja, bilete, teknisk informasjon og rutetider.

Rødne Clipper Fjord Sightseeing

Selskapet har rutebåtar som går i trafikk i Ryfylke og Boknafjorden, men arrangerer òg sightseeing- og firmaturar i området, m.a. til Lysefjorden og Preikestolen.

Scandinavian Broking Services AS

Ferjemeklarar med hurtigbåtar som spesialitet. Firmaet hjelper kunden i kjøp og sal av ferjer eller andre store båtkjøp.

Senjafergene

De tre ferjene knyter Vesterålen, Senja og Harstad-regionen saman. Ferjene gjev tilgjenge til eventyrlege sommaropplevingar i eit spennande øyrike.

Silja Line

Ferjene køyrer mellom Sverige (Stockholm) og Finnland (Helsinki og Åbo). Tilbyr også pakketurar til Mummiverda og spahotell. Billettar kan bestillast på nett.

Skibladner

Den eldste hjuldamparen i verda går i skytteltrafikk mellom Lillehammer, Moelv, Gjøvik, Hamar og Eidsvoll. Det er også mogleg å chartre Skibladner for private arrangement.

Skilsøferja AS

Ruter for Tromøy-Arendal-Hisøy, Tyholmen-Skilsø. Tilbyr charterutleige og taxiturar. Arrangerer blåturar, firmaturar m.m.

Stena Line

Eit av verdas størrste ferjeselskap som opererer på ferjelinjer i Skandinavia og rundt Storbritannia. Bl.a ruta Oslo-Frederikshamn.

Tide

Bergen-selskapet driv rutebussar, turbussar, ferjer og hurtigbåtar. Selskapet vart lansert i november 2006, etter fusjonen mellom Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD), Gaia Trafikk og seinare Stavangerske AS.

Torghatten Trafikkselskap

Selskapet driv i hovudsak med kollektivtransport med ferje, snøggbåt og buss. Du finn rutetider på sidene deira.

Tripps Båtservice - Munkholmbåtene

Selskapet driv rutetrafikk til Munkholmen, og tilbyr havnesightseeing, charterturar og fisketurar for grupper på Trondheimsfjorden.

Ødegaard Berging AS

Bergingsselskap med ein flåte bestaende at lektarar, taubåtar og kranbåtar. Tar på seg båtberging, transport og løfting.

Bil- og båtnyheter

  • Ny asfalt stanset denne fotoboksenNettavisen - 15:41
  • Ny asfalt stanset fotoboksbladet.no - 15:00
  • Mercedes gir ikke opp børstraktorenForbruker.no - 14:15
  • - Lå hardt skadd i bilvrak - flere bilister kjørte forbiNettavisen - 13:41
  • EasyPark innrømmer mer juksNettavisen - 13:34
  • Om oss
  • Annonsere?
  • Tips om lenker
  • Kontakt
  • Gi oss tilbakemelding

Adm. dir. og ansvarleg redaktør: Espen Udland - ABC Startsiden AS 1996-2011 er verna av Åndsverkloven | Ad-serving powered by Emediate